UTSTILLINGER
21. juni – 7. september 2025
Ullinsvin Vågå prestegard byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, høgkultur og bygdeliv – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin og Gudbrandsdalsmusea til utstillinger i moderne galleri og eldre, rustikke bygningar.
Sommaren 2025 byr vi inn til heile tre utstillingar – ei av dei utstillinga LIN 2.0 Frå frø til tråd.
Ullinsvin gamle prestegard - kunst og kultur frå øvste fjellhylle:
Inspirerande Vågå
Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar, fotografar, musikarar og handverkarar med sin vakre natur, kulturlandskapet, rike kulturarv, byggeskikk, menneska og ljoset. Målet er at Vågå også i framtida skal vere ein viktig stad for kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter både for profesjonelle og amatørar, unge og gamle.
Det skjer i Ullinsvin
Galleri Ullinsvin viser ulike kunstutstillingar gjennom sommarhalvåret. Det vil også vere utstillingar i den gamle låven og fjøset i Ullinsvin. I lag med øvrige aktivitetar på staden, Cafe Edvard og den historiske prestegardshagen, vil du i Ullinsvin oppleve både kunst, kultur og historie frå gamal og ny tid.
Galleri Ullinsvin
Galleri Ullinsvin opna i 2019 og inngår i Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame og fundament, inviterar galleri Ullinsvin til moderne utstillingslokal med topp kunstnarar og kulturopplevingar. Ullinsvin ligg på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda.
Café Edvard
Trivelig servering midt i Ullinsvin. Alt laga frå botn av. Tlf 41 55 12 02.