Haustutstillinga 2024

Morten Krogvolds utvalde

21. september – 27. oktober 2024

Haustutstillinga «Morten Krogvolds utvalde» i Galleri Ullinsvin består av fotokunstnarar som Morten Krogvold har valt ut. Årets utstillarar er fotografane Christian Fr. D. Wesenberg og Tone Bakken. Utstillinga er eit samarbeid mellom Galleri Ullinsvin, Vågå kameraklubb og Morten Krogvold Workshops. Opningshelga 20.-22. september blir det tradisjonen tru eit rikhalding program som i tillegg til utstillingsopning vil innehalde konsertforestillinga «Lyset du ikke ser» med Maiko Nishino (dans), Torgeir Koppang (piano), Aage Kvalbein (cello) og Maren Myrvold (sang), kunstnarsamtale, filmvisning og festmiddag. 

 

Foto: Christian Fr. D. Wesenberg

Fotograf Tone Bakken

En Gjest i Tiden

«En utstilling som handler om menneskene sin eksistens, livet generelt og avtrykkene vi setter i vår tid. Med inspirasjon fra kunsthistorien og store kunstnere gjennom tidene, blandes virkelighet og fantasi, frie tolkninger og dagens brutale realisme med poesi og lyset sine mange stemninger. Vi er alle ein gjest i tiden».

Tone Bakken

«Il mio mondo». Foto: Tone Bakken

Det begynte med egget.

Fotoamatøren bosatt i Vågå stengte seg inne på hotellrommet i en uke på en workshop i 2019. Tone Bakken bestemte seg for at hun ikke skulle ut av rommet før hun var i stand til å skape eggets form over til fotografisk kunst. Hun maktet det og ble den første lokale fotografen som mottok Vågåprisen. Siden den gang har hun aldri sett seg tilbake og har arbeidet systematisk, lidenskapelig og hardt med egne prosjekter. Amatøren er forvandlet til kunstner og en viktig endring oppsto da hun søkte seg bort fra den sorte og hvite paletten og inn i fargenes mysterier.

Tone Bakken skaper fotografier med kresen og mesterlig fargebruk og poetisk innhold. Hun er i dialog med de store mestre fra kunsthistorien og hun tolker landskapet i Vågå med et dunkelt og dempet særpreg. Spor og savn etter mennesker finnes også i den melankolske skjønnheten.

Tone Bakken er tre barnsmor og i full jobb. Det er intet hinder for hennes kunstneriske utvikling; hennes jernvilje gjør at hun skaper seg tid til å arbeide på alle døgnets tider. Beinkulde eller  øsregn er intet hinder.

Vi ser frem til en berikende utstilling i Galleri Ullisvin med et høyt kunstnerisk nivå. Og det er ekstra stas at det er en lokal kunstner – Tone Bakken – som får æren av å åpne sin første separatutstilling på et av landets vakreste gallerier.

Morten Krogvold

Fotograf Christian Fr. D. Wesenberg

_subnormal

Utstillingen Subnormal handler om de evige små øyeblikk av det som er igjen av de menneskeskapte avtrykk, naturens kretsløp og det evige livets håp. Visdom og styrke skaper skjønnhet. Tiden i hodet har stoppet opp. Øyeblikket lever inn i fremtiden. Det å stille ut på Vågå, er som å komme hjem.

CF – Wesenberg

Foto: «Eidsvold 2014»

Konsert, foredrag og middag 

Opningshelga

I samband med opningshelga for haustutstillinga (20.- 22. september 2024), blir det tradisjonen tru eit rikhaldig program som i tillegg til sjølve utstillingsopninga inkluderer konsertforestiling, kunstnarsamtale, filmvisning og festmiddag. 

Maiko Nishino, dansaren som deltek i konsertforestillinga «Lyset du ikke ser» i Galleri Ullinsvin 20. september kl. 19, fotografert av Morten Krogvold. Øvrige utøvarar på foresetillinga er Aage Kvalbein (cello), Torgeir Koppang (piano) og Maren Myrvold (sang).

Opningstider 

Konsertforestillinga «Lyset du ikke ser»: 20. september kl 19 i Galleri Ullinsvin.

Utstillingsopning for Morten Krogvolds utvalde i Ullinsvin laurdag 21. september kl 14.

Haustutstillinga vil vere ope laurdagar og søndagar kl. 11-15 i perioda fram til 27. oktober. Utvida opningstid i veke 40 og 41 (haustferievekene).

Ullinsvin gamle prestegard - kunst og kultur frå øvste fjellhylle

Galleri Ullinsvin

Galleri Ullinsvin har sommar og haust skiftande kunstutstillingar. I tillegg til det nye utstillingsbygget Galleri Ullinsvin, er og den gamle låven, fjøset og stabburet i tunet på Ullinsvin sett i stand til utstillingslokale. Til saman gjev desse lokala mange moglegheiter for ulike utstillingar med formidling av kunst, kultur og handverk.

Salsutstillinger

Kvar sommar og haust stillar profilerte kunstnarar ut i Galleri Ullinsvin. Alle verk i utstillingane er for sal. 

Historisk prestegardshage

I Ullinsvin kan du besøke den historiske og autentiske Prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Om lag slik hagen framsto då prestefrue Christine Storm Munch skjøtte hagen på 1700-talet.

Café Edvard

Café Edvard er lokalisert i den gamle forpaktarbustaden i Ullinsvin. Alt som blir servert er laga frå botn av, og vi byr på kaffe, andre gode drikkar, kaker og gjærbakst. Kaféen er open i samband med sommarutstillingane i Galleri Ullinsvin.

Namnet Edvard er knytt til kunstnaren Edvard Munch, som hadde farsslekta si buande i prestegarden Ullinsvin i ei lengre periode.

Barn & unge

Barn og unge har eit stort fokus i satsinga i Ullinsvin. Vi legg til rette for aktivitetar som forundrar, inspirerer og gjev skaparlyst og glede.

Målet er ein levande og inkluderande arena, kor barn og unge kan oppleve og lære om kunst, kultur og historie, og la seg inspirere og få moglegheita til å utfalde seg kreativt.

Munch i Vågå

Målar og grafikar Edvard Munch (1863 – 1944) er den mest kjende norske biletkunstnaren internasjonalt. Farsslekta hans var frå Vågå – og Edvard Munch besøkte bygda fleire gonger og let seg inspirere av staden. I Vågå og Ullinsvin kan du gå i Munch sine fotspor.

Galleri ULLINSVIN

Galleri Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, samtid og samfunn, høgkultur og bygdeliv – smelta saman på ein unik kulturarena utan like i bygd eller by. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame og fundament, inviterar galleri Ullinsvin til moderne utstillingslokal med topp kunstnarar og kulturopplevingar.

Les meir

Inspirerande Vågå

Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar, fotografar, musikarar og handverkarar med sin vakre natur, kulturlandskapet, rike kulturarv, byggeskikk, menneska og ljoset. Målet er at Vågå også i framtida skal vere ein viktig stad for kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter både for profesjonelle og amatørar, unge og gamle. 

Det skjer i Ullinsvin

Galleri Ullinsvin viser ulike kunstutstillingar gjennom sommarhalvåret. Det vil også vere utstillingar i den gamle låven og fjøset i Ullinsvin. I lag med øvrige aktivitetar på staden, Cafe Edvard og den historiske prestegardshagen, vil du i Ullinsvin oppleve både kunst, kultur og historie frå gamal og ny tid.

Galleri Ullinsvin

Galleri Ullinsvin opna i 2019 og inngår i Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame og fundament, inviterar galleri Ullinsvin til moderne utstillingslokal med topp kunstnarar og kulturopplevingar. Ullinsvin ligg på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda.

Café Edvard

Trivelig servering midt i Ullinsvin. Alt laga frå botn av. Tlf 41 55 12 02.

Ullinsvin – gamal og ny tid, påfyll for alle sansar, møteplass for store og små. Velkomen!

Stor takk til