Café Edvard

Cafè Edvard er sommarkafeen i Ullinsvin. Den er ope kvar dag i perioda 20. juni – 16. august 2026. Frå 17. august – 6. september er kafeen ope laurdagar og søndagar. Fredagar er det severing av bakst, kaffe og anna drikke i galleriet.

Her kan du nyte ein kopp kaffe, gode fruktdrikkar og fersk, heimelaga bakst, anten inne i  kafeen eller ute i den flotte hagen. Alt vi serverer er heimelaga.

Namnet Edvard er knytt til kunstnaren Edvard Munch, som hadde farsslekta si buande i prestegarden Ullinsvin i ei lengre periode.