Galleri Ullinsvin

«Vågå-sommaren 1894» kan aldri skapas på nytt, men kan nyttast som inspirasjonskjelde og for å få betre kjennskap til kunst- og kulturhistoria frå ulike periodar. Vi ynskjer å re-lansere omgrepet «Vågå-sommaren». Målet er at Vågå også i framtida skal vere ein viktig stad for kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter både for profesjonelle og amatørar, unge og gamle. Satsinga i Galleri Ullinsvin har basis i dette.

Galleri Ullinsvin opna hausten 2019 med Morten Krogvold si jubileumsutstilling «Stille lys». Sommaren 2020 var det storstilt mønstring av trøndersk kunst med utstillinga “Vågå-sommar 2020” med Håkon Bleken og Kjell Erik Killi-Olsen i spissen i tillegg til 19 andre kunstnarar, samt fotoutstillingane Island og Laponia av Erlend og Orsolya Haarberg i Låven.

Hausten 2020 blir det nye fotoutstillingar, hhv. “Angsten har mange ansikter” og “Tid og rom” med fotografane Knut Rune Johansson og Tomas Carlström i Galleri Ullinsvin.

Galleri Ullinsvin vil i hovudsesongen gjennom sommarhalvåret ha skiftande kunstutstillingar. I tillegg til det nye utstillingsbygget, Galleri Ullinsvin, er også den gamle låven og fjøset i Ullinsvin sett i stand til utstillingslokale. Til saman gjev desse lokala mange moglegheiter for ulike utstillingar med formidling av kunst, kultur og handverk.

UTSTILLING i Ullinsvin? Galleri Ullinsvin har eit kunstfagleg råd som innstiller utstillingsprogrammet for Ullinsvin. Søknadsfrist er 1. september til post@ullinsvin.no. Spørsmål? Ring 99693921.

Galleri Ullinsvin skal formidle kunst frå lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar frå både gamal og ny tid.

Galleri Ullinsvin skal bidra til kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter.

Galleri Ullinsvin skal inspirere barn og unge, og gje unge kunstnarar visningsmoglegheiter.

Galleri Ullinsvin skal vere ein viktig bidragsytar og formidlingsarena for kunst av god kvalitet i Gudbrandsdalen.

X