Prestegardshagen i Ullinsvin

I Ullinsvin kan du besøke den historiske og autentiske Prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Om lag slik hagen framsto då prestefrue Christine Storm Munch skjøtte hagen på 1700-talet.

Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år. I prestegardshagen kan du besøke urtehagen til oldemor Christine Storm Munch, lysthuset frå 1810 og lytte til høyrespelet «Oldemors portrett», og sjå bysta av Edvard Munch laga av skulptøren Jo Visdal (frå Vågå). I hagen kan du og nyte ein kopp kaffe og gode, heimelaga kaker frå Café Edvard.

Prestegardshagen i Ullinsvin blir drifta av friviljuge i hagegruppa i Vågå historielag. 

Unn og Birger Bostad tok initiativ til å gjenskape den historiske prestegardshagen i Ullinsvin. I meir enn  20 år har ekteparet lagt ned ein enorm innsats i utviklingsarbeidet med hagen og i å bygge kunnskap om Edvard Munch sin relasjon til Vågå.

Ditt tittel kommer her

Café Edvard

Barn og unge i Ullinsvin