Foto frå kokeboka basert på Christine Stor Munch sine oppskrifter. FOTO: Cathrine Dokken

Christine Storm Munch (1746-1825)

Christine Storm Munch (1746-1825) haldt til i Ullinsvin i store delar av livet. Som dotter av presten Johan Storm og seinare gift med Peder Munch budde ho på prestegarden både som lita jente og som prestekone. Sistnemnde var ho i ti år (frå 1776-1786), før heile familien flytta til Land. Da mannen Peder døydde flytta rett nok Christine attende til Vågå, og her budde ho også dei femten siste åra av livet.

Christine var ei svært kunnskapsrik kvinne på fleire område. Til dømes sydde ho sine eigne klede – store kjolar og prangande hattar. Ho var òg veldig oppteken av urter, og når folk var sjuke i bygda kom dei ofte til henne for å få hjelp. Urtehagen i Ullinsvin er rekonstruert slik ein reknar med at han såg ut da Christine var prestekone. Ikkje berre var ho oppteken av den lækjande krafta til urtene, ho var òg brennande interessert i mat. Ho skreiv side opp og side ned med oppskrifter, mellom anna mange variantar av sitronterta. Det faktum at ho klarte å få tilsendt sitronar til Vågå på slutten av 1700-talet seier noko om kapasiteten ho hadde som prestekone i Ullinsvin. I tillegg til alt dette var ho glad i musikk, og det vert sagt at når ho song i kyrkja var det ikkje eit tørt auga hjå tilhøyrarane.

Det er laga ei eiga kokebok basert på Christine Storm Munch sine oppskrifter, som er til sals i Galleri Ullinsvin.

Edvard Munch

Morten Krogvold