Bli lagspelar på  U-laget!

Vi kan ikkje love deg evig ungdom – men no har du sjansen til å bli lagspelar til beste for bygda, Ullinsvin og deg sjølv!

Dei friviljuge i Ullinsvin – populært kalla U-laget – er ei idealistisk gjeng som aktivt og allsidig bidreg til at Ullinsvin framstår slik prestegarden er i dag.

Som alle andre lag er vi avhengige av ulik ferdigheiter. Arbeidsoppgåvene er mangfaldige:

  • Hagestell: Luking, vatning og øvrig stell av prestegardshagen gjennom sommarsesongen
  • Arrangement: Servering, matlaging, vakthald, billettsal, andre praktiske oppgåver
  • Vedlikehald og mindre byggeprosjekt
  • Utstillingsarbeid: Delta i samband med montering og demontering av utstillingar, måling av veggar og andre praktiske oppgåver
  • Reingjering og baking

Det er i stor grad opp til kvar enkelt kor stor innsats ein ynskjer å leggje ned i utstillingssesongen og gjennom året.  Miljøet er særs inkluderande, sosialt og humørfylt – med fine folk og triveleg lagarbeid til beste for bygda og Ullinsvin.

Alle er velkomne på U-laget anten dei er unge eller gamle. I tillegg til å bli del av eit fint fellesskap, blir du som friviljug i Ullinsvin invitert på friviljugfest etter sesongslutt og får også gratis inngang på ulike arrangement i Ullinsvin.

Er du interessert eller vil vite meir, send e-post til [email protected] eller ta kontakt med Kari Hølmo Holen på tlf. 907 36 129 eller Tora Sandbu på tlf. 996 93 921.