Galleri Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, bygdeliv og høgkultur – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i både stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar.

UTSTILLINGSLOKAL ULLINSVIN:

Galleri Ullinsvin

  • Moderne kunstgalleri med galleributikk og sanserom for barn

Låven i Ullinsvin:

  • Historisk tømmerlåve innreia som galleri

Fjoset i Ullinsvin:

  • Utstillingslokal for Gudbrandsdalsmusea

Om Ullinsvin

Kunstgalleri | Salsutstillinger | Museum | Café Edvard | Munch i Vågå | Kurs & konsertar | Historisk urtehage

Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå, ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum med umiddelbar nærleik til to andre kulturhistoriske sentrum, Vågåkyrkja og Jutulheimen bygdamuseum. 

Ullinsvin består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda, fordelt på eit inntun og eit uttun med den historiske prestegardshagen. Galleri Ullinsvin er eit nytt  galleri i Ullinsvin, ferdigstilt i 2019. Formidling av kunst, kultur og historie både frå eldre og ny tid, vil stå i fokus i Ullinsvin.

I Ullinsvin kan du besøke den historiske prestegardshagen, som består av både urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år. I prestegardshagen kan du sjå bysta av Edvard Munch laga av skulptøren Jo Visdal (frå Vågå), besøke urtehagen til oldemor Christine Storm Munch og lytte til høyrespelet «Oldemors portrett». Du kan også besøke Cafe Edvard i Ullinsvin, med meny basert bl.a. på oldemor Christine sine oppskrifter.

I det digitale sanserommet kan barn og unge få gjere sine eigne tolkningar av Edvard Munch sine kunstverk gjennom spesialtilpassa teikneprogram og VR-teknologi.

Galleri Ullinsvin stod ferdig til sommaren 2019 med offisiell opning den 19. september. Kronprinsparet stod for opninga. Fotografen Morten Krogvold, som har halde fotoworkshops i Vågå i 30 år, hadde opningsutstillinga i Galleri Ullinsvin. ttings.

Galleri Ullinsvin

Galleri Ullinsvin har i sommarhalvåret skiftande kunstutstillingar. I tillegg til det nye utstillingsbygget Galleri Ullinsvin, er og den gamle låven og fjøset i Ullinsvin sett i stand til utstillingslokale. Til saman gjev desse lokala mange moglegheiter for ulike utstillingar med formidling av kunst, kultur og handverk.

Salsutstillinger

Kvar sommar stillar profilerte kunstnarar ut i Galleri Ullinsvin. Alle verk i utstillingane er for sal. 

Bilete: Verket «Kviteggen» av Ørnulf Opdahl.

Historisk prestegardshage

I Ullinsvin kan du besøke den historiske og autentiske Prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Om lag slik hagen framsto då prestefrue Christine Storm Munch skjøtte hagen på 1700-talet.

Café Edvard

Café Edvard er lokalisert i den gamle forpaktarbustaden i Ullinsvin. Alt som blir servert er laga frå botn av, og vi byr på kaffe, andre gode drikkar, kaker og gjærbakst. Kaféen er open i samband med sommarutstillingane i Galleri Ullinsvin.

Namnet Edvard er knytt til kunstnaren Edvard Munch, som hadde farsslekta si buande i prestegarden Ullinsvin i ei lengre periode.

Barn og unge

Barn og unge har eit stort fokus i satsinga i Ullinsvin. Vi legg til rette for aktivitetar som forundrar, inspirerer og gjev skaparlyst og glede.

Målet er ein levande og inkluderande arena, kor barn og unge kan oppleve og lære om kunst, kultur og historie, og la seg inspirere og få moglegheita til å utfalde seg kreativt.

Munch i Vågå

Målar og grafikar Edvard Munch (1863 – 1944) er den mest kjende norske biletkunstnaren internasjonalt. Farsslekta hans var frå Vågå – og Edvard Munch besøkte bygda fleire gonger og let seg inspirere av staden. I Vågå og Ullinsvin kan du gå i Munch sine fotspor.

Nyheit! Motta nyheitsbrev frå Galleri Ullinsvin

* indicates required
E-postadresse

Galleri Ullinsvin – ein arena for møte mellom ny og gamal tid, påfyll for alle sansar, møteplass for store og små. Vil du vere med, så heng deg på som mottakar av nyheitsbrev!

Ullinsvin Drift AS er ansvarleg for drift av Galleri Ullinsvin og tilhøyrande aktivitetar i Ullinsvin.

Øvrige aktørar i Ullinsvin:

  • Gudbrandsdalsmusea avdeling Vågå med Norddalsarkivet og Folkemusikkarkivet
  • Stiftelsen Norsk Kulturarv
  • Vågå husflidslag som leiger hovudbygningen til sine aktivitetar.

Vågå historielag eig bygningane i den gamle prestegarden Ullinsvin.

Opplysningsvesenets Fond eig grunnen

Satsinga i Ullinsvin er basert på Masterplan for Ullinsvin (2017). Målet er å synleggjere og vidareutvikle kunst- og kulturbygda Vågå.

Ullinsvin – gamal og ny tid, påfyll for alle sansar, møteplass for store og små. Velkomen til Ullinsvin, håpar det gjev meirsmak!

Café Edvard

Barn og unge i Ullinsvin