Frivilligheita blomstrar i Ullinsvin
Ullinsvin yrar av liv og aktivitet året rundt – takk vere ein blomstrande flora av friviljuge lag og foreningar som alle er med på å gjere Ullinsvin til ein eventyrleg kunst- og kulturarena. Til det beste for bygda, pulikum – og seg sjølve.
U-laget
Samarbeidsutvalet for Ullinsvin
Ullinsvin
Prestegards-hagen
Ullinsvin
I Ullinsvin kan du besøke den historiske og autentiske Prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Om lag slik hagen framsto då prestefrue Christine Storm Munch skjøtte hagen på 1700-talet. Prestegardshagen i Ullinsvin blir drifta av friviljuge i hagegruppa i Vågå historielag.
Vågå Husflidslag
Ullinsvin
Vågå husflidslag er eit særs aktivt lag av frviljuge som held kurs og aktivitetar for både ungar og vaksne.
Husflidslaget held til i historiske lokal i hovudhuset i Ullinsvin.
Vågå historielag
Ullinsvin
Innlands-arkivet
Innlandsarkivet Vågå er lokalisert i Ullinsvin, og driv aktiv innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder, private arkiv og arkiv frå lag og foreiningar – med stor friviljug innsats frå eldsjelar i bygda. Den store samlinga av arkivmateriale skapar eit mangfaldig bilete av folk og sammfunn i regionen. Kvar tysdag er slektsarkivet ope for publikum, og dei tilsette bistår med slektsgransking.
Ullinsvin
Waageske Compagnie
Fjellbygda Vågå hadde frå 1718 og fram til 1867 eit eige kompani som hadde eksersis på kyrkjebakken. Vågå er framleis lys levande – og det er jammen Waagske Compagnie og. Kvar veke møtest dei i forlegningen sin på Ullinsvin – ei lita tømmerbu i skogkanten. Kvar 17. mai feirar dei med både kanonskot og salutt frå lange riflar i sentrum. Varksu heeeeer!
Ullinsvin
Inspirerande Vågå
Fjellbygda Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar og fotografar, musikarar og handverkarar med sin vakre natur, kulturlandskapet, rike kulturarv, byggeskikk, menneska og ljoset. Galleri Ullinsvin er ei kulturell storsatsing for at Vågå også i framtida skal vere ein viktig stad for kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter både for profesjonelle og amatørar, unge og gamle.
Nyheitsbrev frå Ullinsvin
Galleri Ullinsvin viser ulike kunstutstillingar gjennom sommarhalvåret. Forutan sjølve galleriet, er det og utstillingar i den gamle låven, låvetrevet, fjoset og fjostrevet, Aurbu, Stabburet og Studeren i Ullinsvin. I lag med øvrige aktivitetar på staden, Cafe Edvard og den historiske prestegardshagen, vil du i Ullinsvin oppleve både kunst, kultur og historie frå gamal og ny tid.