Kristen Holbø: Sommerdag ved Sjodalsvatnet, 1908. FOTO: Lillehammer Kunstmuseum

Vågå-sommaren 1894

Vågå-sommaren 1894 har vorte eit omgrep i norsk kunsthistorie. Denne sommaren kom ti unge kunstnarar til Vågå med vagværen Kristen Holbø i spissen, som hadde invitert med seg venen Halfdan Egedius til heimgarden Sygard Holbø.  Thorvald Erichsen, Lars Jorde, Oluf Wold-Torne og  Alfred Hauge tok inn på gjestegarden Sve, medan Ragnhild Hvalstad, Kristine Laache, Johanna Bugge og Alice Pihl fekk losji på Sygard Storvik.

Kunstnarane var mellom 17 og 30 år gamle, og fleire hadde gått på Harriet Backers og Eilif Peterssens målarskule i Kristiania. Likt Fleskum-sommaren i 1886, varsla Vågå-sommaren ei innleiing for ein ny generasjon målarar i Norge. Dei kom med nye idear om kva eit måleri kunne vere. Fortsatt var det nyromantikken sine mørke stemningsmåleri som vart måla, men nokre av kunstnarane gjekk lenger inn i dei nye retningane med symbolisme og ei forenkla ekspressiv attgjeving av motivet. Dette prega både måleri og teikningar, og mange gode kunstverk vart skapt.

Kunstnarane hugsa opphaldet i fjellbygda og venskapet denne sommaren som noko heilt spesielt og som eit eineståande minne i livet. Lars Jorde karakteriserte Vågå-sommaren så poetisk som «Det tapte paradis». Kristen Holbø uttala: «Te kor helg kom oss samen og det va synd å sea at oss ha det stusle. Folk trudde nok helst at oss berre tenkte på moro og leven. Men i yrkun arbeidde oss så hardt oss kunna, og um hausten ha oss stor utstilling i Vågåmo tå alt oss fekk gjort um såmårn».

Kjelder: «En kulturhistorisk veiviser i Gudbrandsdalen», Arko Forlag (2010). Red: Arnfinn Engen

Anne Holbø Wendelboe og Inger Holbø

Edvard Munch

Kristen Holbø

X