
Opningstider 2021
Galleri Ullinsvin er no stengt for vinteren.
Vårutstillinga er under planlegging, men covid 19-situasjonen gjer at vi førebels må ta atterhald om gjennomføring.
Sommarutstillingane opnar laurdag 5. juni og står til 5. september. I sommarsesongen vil utstillingane vere opne kvar dag kl 11-17. Besøk utanom ordnær opningstid etter førehandsbestilling.
Haustutstillingane opnar laurdag 18. september. Dei vil vere opne i helgane til ut oktober samt delar av haustferien, ellers etter førespurnad.
Meir informasjon om utstillingsprogram og øvrige aktivitetar kjem.
Har du spørsmål, ta kontakt på tlf. 99693921 eller post@ullinsvin.no
Kunstverket til venstre “Hva ligger bak?” av Ingvar Wik Høgås inngjekk i utstillinga Vågå-sommar 2020 i Galleri Ullinsvin.
I hovudsesong vil det vere skiftande kunstutstillingar med tilhøyrande formidlingstilbod, servering i Cafe Edvard, guiding, konsertar og andre aktivitetar i Ullinsvin.
Den historiske prestegardshagen er alltid ope for besøkande.
I lågsesongen er det aktivitetar knytt til enkeltståande arrangement.