Eventyrlege Vågå

I vakre Vågåmo finn du innbydande serveringstader, unike overnattingsstader og sjarmerande nisjebutikkar i eit sjarmerande sentrum verdt turen åleine.

Kring bygda finn du eit av Noreg sine vakraste kulturlandskap, med velhaldne fjellgardar og blenkande brevatn – og eventyrlege turmoglegheiter til fots, på elsykkel og ski av alle slag.

Vågå er ei høgst levande fjellbygd krinsa av nokre av Nord-Europas mest populære reisemål – som Besseggen, Galdhøpiggen og raftingelva Sjoa.

Vågåmo er innfallsport til ei rekkje nasjonale turistvegar og eit fjordrike i verdstoppen. 

Spise i Vågå

Lokalmatfatet Vågå byr på særprega spisestader av høg kvalitet.

Overnatte i Vågå

Bu som Askeladden i eventyret – eller sjølvaste prinsessa.

Oppleve i Vågåmo

    Surfe på brevatn, fjellvandring med alpakka, elsykling i norgestoppen eller flytande sauna – fritt val frå øvste fjellhylle.

Eventyr i fjell og fjord

   Besseggen, Galdhøpiggen eller Rafting i Sjoa? Kring Vågå ligg nokre av dei fremste reisemåla i Noreg.

Nasjonale turistvegar

                          Vågå er krinsa av Valdresflye, Sognefjellet, Gamle Strynefjellsveg, Rondane og Dovrefjell