Vågå – til inspirasjon i gamal tid, notid og framtid
Gjennom tidene har fjellbygda Vågå trekt til seg kunstnarar, fotografar, musikarar og handverkarar med sin vakre natur, kulturlandskapet, rike kulturarv, byggeskikk, menneska og ljoset. Dette har inspirert dei i deira arbeid – og tilført verdiar til samfunnet. Satsinga i Galleri Ullinsvin har basis i dette.
Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar, fotografar, musikarar og handverkarar med sin vakre natur, kulturlandskapet, rike kulturarv, byggeskikk, menneska og ljoset. Dette har inspirert dei i deira arbeid – og tilført verdiar til samfunnet. Satsinga i Galleri Ullinsvin har basis i dette.
Galleri Ullinsvin
«Vågå-sommaren 1894» kan aldri skapas på nytt, men kan nyttast som inspirasjonskjelde og for å få betre kjennskap til kunst- og kulturhistoria frå ulike periodar. Vi ynskjer å re-lansere omgrepet «Vågå-sommaren». Målet er at Vågå også i framtida skal vere ein viktig stad for kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter både for profesjonelle og amatørar, unge og gamle. Satsinga i Galleri Ullinsvin har basis i dette.