Barn og unge i Ullinsvin

Barn og unge skal ha eit stort fokus i satsinga i Ullinsvin. Det skal leggjas til rette for aktivitetar som forundrar, inspirerer og gjev skaparlyst og glede. Målet er ein levande og inkluderande arena, kor barn og unge kan oppleve og lære om kunst, kultur og historie, og la seg inspirere og få moglegheita til å utfalde seg kreativt. Vågå og Nord-Gudbrandsdalen ligg langt unna større kunst- og kulturinstitusjonar, og Ullinsvin vil få ei viktig rolle i å kompensere for dette for regionen sine innbyggjarar. Det er ei målsetjing at Ullinsvin skal vere eit naturleg besøksmål for skular og barnehagar.

I løpet av sommarsesongen blir det arrangert ulike aktivitetar for barn og unge, som eventyrlesing, tradisjonsbakst, teikning, måling og fotografering.

I det kreative sanserommet kan barn og unge få prøve seg som kunstnarar ved å gjere sine eigne tolkningar av Edvard Munch sine kunstverk gjennom spesialtilpassa teikneprogram. Her blir VR-teknologi brukt på ein spanande og pedagogisk måte. Resultatet er nye, digitale Munch-tolkningar gjennom eit interaktivt og spanande verktøy som VR representerar. Aktiviteten skal  inngå i eit større og meir omfattande opplegg knytt til utvikling av formidlingsproduksjonar innan kunst, kultur og handverk for barn og unge.

Sommaren 2019 hadde Monica Bergnord teikne- og måleskule i to veker for ungar i alderen 6-13 år. Dette var vellykka arrangement som vart avslutta med ei kunstutstilling på tunet der ungane fekk moglegheit til å vise fram det dei hadde produsert. Det vil blir arrangert fleire slike kurs framover, både innan teikning og måling, men også andre kreative fagområde.

Café Edvard

Konsertar og teater

X