Aktiviteter og attraksjonar
Vesle Vågå er rikt på aktiviteter og opplevingar – på denne sida finn du nokre av våre favorittar i sentrum og bygd.
#vågågata
Landets minste gågate – og sannsynlegvis den trivelegaste. Du finn ho midt i sentrum.
Badstua i Vågå
Flytande og dampande velvere i irrgrønne Vågåvatnet – ei oppleving året rundt.
Nisjebutikkar
I sentrum finn du ei rekke trivelege nisjebutikkar med særprega utval og betening som hjelp deg på dialekt.
Bading i Smedsmodammen
Tett på sentrum ligg Smedsmo Camping med idyllisk badedam, grøntområde og flytebrygge.
Vassport på Vågåvatnet
På Vågåvatnet Feriesenter kan du leige elektrisk jetboard, SUP, pedalbåt, kajakk, kano, elsykkel og robåt med påhengsmotor.
Munch-vandring
Verdsmålaren Edvard Munch hadde farsslekt i Vågå og let seg inspirere av bygda. Følg i Edvard Munch sine fotspor frå lyddusj til lyddusj gjennom sentrum og opp i Ullinsvin.
Vågåkyrkja
Historisk og heimekoseleg hotellrestaurant med romslege porsjonar og opningstider
Moens Kjøttforretning
Legendarisk faghandel med stuttreist kvalitetskjøtt – og dei beste kjøttkakene i landet.
Sykkelpark, skaterampe og sandvolley
Villaparken i sentrum byr på pumptrackbane og luftige hopp for sykkel, skatepark, sandvolleybane, leikeanlegg og treningsapparat.
Alpakkavandring
Slå følgje med utruleg sjarmerande alpakkaer på sentrumsvandring i Vågåmo eller setervandring på Lalm.
Brimiskogen Klatrepark
Artig klatrepark som byr på meistring og magesug for alle nivå, aldrar og ambisjonar.
Discgolf og rulleskibane
Grenda Lalm har bygd eit fantastisk idrettsanlegg på dugnad – toppa med rå discgolfbane med 12 hol og rulleskibane.
Jotunheimen Husky Lodge
I sommersesongen yngler det av lekne valper og unghunder hos huskylodgen. Et artig stopp før eller etter fjellturen.
Blåhø 1617 moh | Skagsnebb 1271 moh
«Bygdefjellet» himmelhøgt over Vågå byr på svimlande utsyn over Gudbrandsdalen, Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen Flott turmål både på elsykkel og i bil snaue 20 km frå sentrum. Eit kortare alternativ er utsiktstoppen Skagsnebb.
Traktorrock
Norges desidert trivelegaste bygdefestival set Vågå sentrum på hodet i tre dagar til ende 18. – 20. august
Audiens hjå Skogens Konge
Besøksgarden Glittersjå byr på unik nærkontakt med elg, reinsdyr, harer og ei mengd husdyr.