Kjell Erik Killi-Olsen fotografert på Ullinsvin. Foto: Tone Bakken

Laksefiskerens siste sommer II, 1988. Løst pigment på polyester. 335 x 184 x 56 cm.

Kjell Erik

Killi- Olsen

Rå og hudlaus, uredd og særeigen, er karakteristikkar som er nytta om målar,
grafikar, bilethoggar og verdskunstnar Kjell Erik Killi-Olsen (født 1952). Ein av Noreg sine mest profilerte og anerkjende samtidskunstnarar – og ein av få som har oppnådd verkeleg stor internasjonal suksess. Killi-Olsen bur og arbeidar på middelaldergarden Sandbu i Vågå.

Arbeida til Killi-Olsen kombinerer det makabre med det sårbare og til tider
uhyggelege, samstundes som dei har humoristiske innslag. Killi-Olsen tek tak i det å vere menneske, det å vere tilsynelatande annleis, det å føle og leve. Verka hans handlar om det medmenneskelege og skildrar Killi Olsen sitt syn på verda og menneskje.

Killi-Olsen er utdanna ved Statens Kunstakademi og ved Academia Sztuck Pieknych i Kraków, hadde eit lengre studieopphald i New York og budde ei årrekkje i Frankrike.

Killi-Olsen høyrer til frontfigurane innanfor den kunstnargenerasjonen som fekk sitt gjennombrot i 1980-åra. Hans forteljande og fabulerande figurasjon slo gjennom internasjonalt, og Killi-Olsen representerer den postmoderne, nomadiske kunstnaren med forankring fleire stadar på kunstkartet.

Killi-Olsen slo for alvor gjennom på den internasjonale kunstscena med installasjonen Salamandernatten, som var Norge sitt bidrag til Sao Paulo-biennalen (ei av dei største kunstbiennalane i verda) i 1989. Salamandernatten består av 72 skulpturar som alle er over 3 meter høge, og inspirasjonen kom frå øydelegginga av regnskogen. I Norge er han mellom anna med i Skulpturlandskapet Nordland med skulpturen Mannen fra havet i Bø i Vesterålen.

Gjennom fleire år har Killi-Olsen hatt ein visjon om å etablere ein ny møtestad for kunst og kultur i Trondheim, og kjøpte i 2017 ein bygard der som no er under utvikling til dette formålet. Kjøpmannsgata Ung Kunst, K-U-K., skal gje eit tverrfagleg tilbod som bl.a. inkluderer utstillingsareal, arena for konsertar og sceneoppsetjingar, atelier og verkstader, og har eit særleg fokus på dei yngre kunstnarskapa.

Killi-Olsen har gjennom ei årrekkje vore ein av Norge sine mest profilerte og anerkjende samtidskunstnarar. Han har motteke ei rekkje prisar og har jamleg utstillingar i både inn- og utland. Med Killi-Olsen går Vågå inn i ei ny epoke i kunsthistoria, og kunstnaren sitt nærvær vil bety ny energi for kunst- og kulturlivet i regionen. 

Kjelder:

  • Norsk Biografisk leksikon
  • Facebook
  • Nilsaas.no

Vågå-sommaren 1894

Edvard Munch