Edvard Munch i Vågå

Målar og grafikar Edvard Munch (1863 – 1944) er den mest kjende norske biletkunstnaren internasjonalt. Farsslekta hans var frå Vågå – og Edvard Munch besøkte bygda fleire gonger og let seg inspirere av staden.

I Vågå og Ullinsvin kan du gå i Munch sine fotspor .

Etter å ha gått ei tid på Tegneskolen i Christiania og seinare utdanna seg for det meste på eigehand, vart Munch tildelt Statens kunstnarstipend hausten 1889. Han flytta da til Paris, der han var elev ved Léon Bonnats målarskule.

Som ein tidleg representant for ekspresjonismen var Munch svært oppteken av den menneskelege psyke, og mange av bileta hans er prega av sterke kjensler som angst, framandkjensle, kjærleik og død. Han måla også mykje sosiale motsetningar og motiv frå arbeidslivet. Munch si kontinuerlege eksperimentering innan måleri, grafikk, teikning, skulptur, foto og film har gjeve han ein unik posisjon i norsk og internasjonal kunsthistorie

Farsslekta til Munch budde i prestegarden Ullinsvin. Dei slektningane som utmerka seg mest i bygda var Johan Storm og dottera Christine Storm Munch. Johan Storm (tippoldefar til Edvard Munch) enda opp i Vågå ved eit tilfelle: han bytte embete med dåverande prest Herman Treschow slik at sistnemnde reiste til Danmark (dit Storm eigentleg skulle sendast) og Storm tok over som prest i Vågå. Her var han prest i 31 år, og var endåtil svært populær. Christine Storm Munch både voks opp og levde som prestekone i Ullinsvin. Ho og mannen Peder Munch var oldeforeldre til Edvard Munch. Munch var difor innom Vågå nokre gonger i løpet av livet. Fyrste gongen han kom til Vågå, gjekk han frå Lillehammer via Gausdal, Fronsfjella, Sikkilsdalen, Sjodalen, Randsverk, over Åsane og ned trakket ved Kveom til Vågå. På denne turen besøkte han mellom anna Peter Munch Tronhus, som var søskenbarnet til faren og busett på Besseter i Sjodalen. Munch var òg innom Vågå kyrkje.

Følgjande sitat er henta i brev frå Edvard Munch til Jens Thiis i 1924: »Nu har jeg reist i flere måneder. Jeg må jo ha fred, det er sandelig ikke lett i dette landet. Jeg må reise fra sted til sted, så aldri noen vet hvor jeg er, for å få fred. Jeg er i Vågå, vet DE at slekten min er der fra?» og «På kirkegården der fant jeg virkelig to gravsteder, både en Munch og en Bjølstad. Det er jo merkelig. Det er kampen mellom disse to slektene som blir til i malerier hos meg».

For meir informasjon om Munch i Vågå og Munch-vandringa, sjå munchivaga.no

Kjelder: Johan Storm Munch, Unn Bostad, snl.no og munchmuseet.no

Christine Storm Munch

Vågå-sommaren 1894