Jul i Ullinsvin 23.- 24. november 2024
Tradisjonen tru innbyr aktørane i Ullinsvin til arrangementet Jul i Ullinsvin. Vi garanterar ekte julestemning både inne og ute, og håpar mange vil ta turen til Ullinsvin denne helga!
Dato, opningstider og pris:
Helga 23.- 24. november 2024
Kl 11:00-16:00 (laurdag)/12:00-15:00 (søndag). Pris: 50 kr for vaksne. Gratis opp til 16 år.
Ullinsvin
Galleri Ullinsvin
Galleri Ullinsvin opna i 2019. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame og fundament, inviterar galleriet til moderne utstillingslokal med topp kunstnarar og kulturopplevingar. Ullinsvin ligg på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda.
Inspirerande Vågå
Fjellbygda Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar og fotografar, musikarar og handverkarar med sin vakre natur, kulturlandskapet, rike kulturarv, byggeskikk, menneska og ljoset. Galleri Ullinsvin er ei kulturell storsatsing for at Vågå også i framtida skal vere ein viktig stad for kunstopplevingar, kreativ utfalding og gode menneskemøter både for profesjonelle og amatørar, unge og gamle.
Nyheitsbrev frå Ullinsvin
Galleri Ullinsvin viser ulike kunstutstillingar gjennom sommarhalvåret. Forutan sjølve galleriet, er det og utstillingar i den gamle låven, låvetrevet, fjoset og fjostrevet, Aurbu, Stabburet og Studeren i Ullinsvin. I lag med øvrige aktivitetar på staden, Cafe Edvard og den historiske prestegardshagen, vil du i Ullinsvin oppleve både kunst, kultur og historie frå gamal og ny tid.