Bli lagspelar på U-laget!
ULLINSVINVERT SOMMAR 2023
Frå veke 25 til og med veke 36 treng vi ein friviljug Ullinsvinvert kvar dag i tidsrommet kl. 12 – 15. Verten si oppgåve er å informere publikum om tilbod i Ullinsvin og bidra til ei god oppleving. Det blir gjeve opplæring.
Belønning: Tek du på deg tre vakter eller meir gjennom sesongen, får du sesongkort i Ullinsvin og blir invitert på særs triveleg ball i Jutulheimen etter sesongslutt. Høyr frå deg!
Vi kan ikkje love deg evig ungdom – men no har du sjansen til å bli lagspelar til beste for bygda, Ullinsvin og deg sjølv!
Samarbeidsutvalet for Ullinsvin – populært kalla U-laget – er ei idealistisk venneforening som aktivt og allsidig bidreg til at Ullinsvin framstår slik prestegarden er i dag.
U-laget driftar den historiske hagen, er med på dugnader og stiller som vertskap slik at Ullinsvin kan halde ope dagleg i sommarsesongen – og ved arrangement resten av året. Miljøet er særs inkluderande, sosialt og humørfylt – med fine folk og triveleg lagarbeid til beste for bygda og Ullinsvin.
Det er i stor grad opp til kvar enkelt kor stor innsats ein ynskjer å leggje ned i utstillingssesongen og gjennom året. Som alle andre lag er vi avhengige av ulik ferdigheiter. Arbeidsoppgåvene er mangfaldige:
- > Hagestell: Luking, vatning og øvrig stell av prestegardshagen gjennom sommarsesongen.
- > Friviljug vertskap: Vere til stades i tunet og gje våre besøkande informasjon om kva som er å oppleve i Ullinsvin.
- > Arrangement: Servering, matlaging, vakthald, billettsal, andre praktiske oppgåver.
- > Vedlikehald og mindre byggeprosjekt.
- > Utstillingsarbeid: Delta i samband med montering og demontering av utstillingar, måling av veggar og andre praktiske oppgåver.
Alle er velkomne på U-laget anten dei er unge eller gamle. I tillegg til å bli del av eit fint fellesskap, blir du som friviljug i Ullinsvin invitert på dugnadsball etter sesongslutt og får også gratis inngang på ulike arrangement i regi av Galleri Ullinsvin.
Er du interessert eller vil vite meir, ta kontakt med ein av oss eller send e-post til [email protected]:
- > Kari Hølmo Holen
- > Jens Hagen
- > Live Hosar
- > Tora Sandbu