Aurbu gardsbutikk

 

Midt i tunet på Ullinsvin finn du historiske Aurbu – innreia som lokalmatutsal frå grøderike Gudbrandsdalen. Med ferske godbitar frå Vågå og bygdene kring.

Gjestfriheit og raus traktering er ein god tradisjon i Gudbrandsdalen. Tradisjonane lev vidare i Aurbu – der du er velkomen til å sjå og handle om lag slik dei gjorde på gardane frå gamalt av.

I Aurbu finn du stuttreist lokalmat og brygg frå driftige kvalitetsprodusentar frå Gudbrandsdalen.

I aurbuene vart det før stabburet kom til dalen lagra ting som skulle stå kaldt og relativt rått. Aurbua hadde jordgolv (aur), berre ein glugg og held konstant temperatur. Kjøleg om sommaren og ikkje for kaldt om vinteren. Innreiinga var enkel – langs tre vegger var det hyller av brei plank for lagring av ost og smør. Helst skulle det vera jordbenk langs veggen der mjølkekollene stod. På jordbenken var det lagt bjørkekvist eller einer. Her vart det lagra saft syltetøy og øl.

Aurbu er open og sjølvbetjent kvar dag i sommarsesongen. 

Velkomen inn til smaksrik og stuttreist lokalmathandel!