DUGURD

Mat og tradisjon i ny og gamal tid 

I tusener av år har Gudbrandsdalen og fjellheimen kring vore matfat og spiskammers. Den rike og levande matkulturen tufta på lokale råvarer er hovudtema for Gudbrandsdalsmusea si utstilling i Ullinsvin i Vågå sommaren 2023. Tradisjonelle bruksgjenstandar frå kjøken og matstell møter liknande gjenstandar med formgjeving av i dag. Matradisjon og fornying er tema på opne dagar på setrer i Vågåfjellet og det eldgamle eldhuset i Ullinsvin.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea

Utstillingslokal:

* Fjoset og Aurbue på Ullinsvin

* Enkelte dagar bakst i Eldhuset

Utstillingsperiode: 24. juni – 10. september 2023

BØTE

Reparasjon av tekstil før og no

I notida er det ein trend at fleire vender attende til å reparere eigne klær. Gjerne med eit synleg avtrykk, som ein motreaksjon mot tekstilindustrien og bruk- og kast samfunnet. I tidlegare tider handla bøting og reparasjon om å sjå nytte av brukte plagg til andre formål. Om optimal ressursbruk under trange kår, måtehald og godt handverk. Gjennom heile sommaren i Ullinsvin kan publikum oppleva historiske plagg i møte med moderne tekstil, slik dei blir reparert i dag. Det blir også kurs i bøting og
reperasjon, både i gamle og nye teknikkar.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea

Utstillingslokal: Fjostrevet på Ullinsvin

Utstillingsperiode: 24. juni – 10. september 2023

Opningstider

Café Edvard