Onsum Berg + Haakenstad: Vevkunst i møte med måleri
I denne utstillinga presenterer Gudbrandsdalsmusea 8 verk av vevkunstnaren Rakel Onsum Berg (1916-2001). Med base på Dovre i Gudbrandsdalen var ho ei av dei fremste biletvevarane i landet andre halvdel av 1900-talet. Gjennom 40 år samarbeida Onsum Berg med Trygve Haakenstad (1913-1993), kunstnaren frå Vågå som måla både måleri og kartong til vevnadane. I fjøset på Ullinsvin vil du denne sommaren sjå resultata av møta mellom vevkunst og måleri. På fjøstrevet kan du tre inn i Onsum Berg si verd med vev og plantefarga garn, og gjennom sommaren prøve ut ulike aktivitetar i regi av Vågå husflidslag.
Fjøset, Ullinsvin
Utstillingsperiode: 5. juni – 5. september
Opningstid: Kvar dag kl. 10-17