Vinterutstilling 2021/2022
“KJELL ANDERSEN – 80 år med fotografi”
Kjell Andersen (fødd 1932) frå Vågå har fotografert sidan han var berre gutungen. Kristian Hosar skriv i boka “Vågå i gamle dågå” (2006) at knapt nokon privatperson i vårt distrikt sit på ein slik fotoskatt som Kjell Andersen. Bileta hans viser endringane i Norddalen frå karrige etterkrigsår og framover og er ein unik dokumentasjon, ikkje minst av kvardagslivet.
Fotograf Morten Krogvold seier følgjande: “Kjell Andersens fotografier er en påminnelse om tidens gang og livets korthet”.
Utstillinga er produsert i samarbeid med Vågå kameraklubb. Kurator for utstillinga er Barbro Bekken.
Opningstider (med atterhald om endringar):
Januar-mars 2022:
- 22. januar kl. 12-14 (familieforestillinga “Den grøne votten” kl. 14)
- 5. februar kl. 12-15
- 12. februar kl. 12-15
- 26. februar kl. 12-15
- 5. mars kl. 12-15
For besøk i utstillinga utanom desse opningstidene, ta kontakt på post@ullinsvin.no eller tlf. 94870689.