Vinterutstilling 2021/2022

«KJELL ANDERSEN       – 80 år med fotografi»

Kjell Andersen (fødd 1932) frå Vågå har fotografert sidan han var berre gutungen. Kristian Hosar skriv i boka «Vågå i gamle dågå» (2006) at knapt nokon privatperson i vårt distrikt sit på ein slik fotoskatt som Kjell Andersen. Bileta hans viser endringane i Norddalen frå karrige etterkrigsår og  framover og er ein unik dokumentasjon, ikkje minst av kvardagslivet.

Fotograf Morten Krogvold seier følgjande: «Kjell Andersens fotografier er en påminnelse om tidens gang og livets korthet».

Utstillinga er produsert i samarbeid med Vågå kameraklubb. Kurator for utstillinga er Barbro Bekken.

Opningstider (med atterhald om endringar):

Januar-mars 2022:

  • 22. januar kl. 12-14 (familieforestillinga «Den grøne votten» kl. 14)
  • 5. februar kl. 12-15
  • 12. februar kl. 12-15
  • 26. februar kl. 12-15
  • 5. mars kl. 12-15

For besøk i utstillinga utanom desse opningstidene, ta kontakt på [email protected] eller tlf. 94870689.

Åpningstider

Café Edvard