Haustutstillinga 2023

«Morten Krogvold sine utvalde»

Helger fram til 29. oktober

Vi er glade for å vere attende med haustutstillinga i Galleri Ullinsvin! Årets utstillarar er fotokunstnarane Morten Løberg og Tone S. Beckman.

Morten Løberg

I Am Standing Here To See

Morten Løberg (1953) arbeidar i hovudsak i svartkvitt, og er fyrst og fremst kjent for ein minimalistisk biletstil.

Professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, Øivind Storm Bjerke, seier følgjande om Løberg sin kunstpraksis: «Det lille han gir oss av ledetråder, forteller om et individuelt blikk på verden på samme tid som bildet åpner opp for å aktivere egne tanker, vekke følelser og trenge inn i et dypere symbolsk lag av innhold».

Løberg har hatt ei rekkje separatutstillingar, valt ut til Høstutstillingen og Østlandsutstillingen fleire gonger og delteke på ei rekkje gruppe- og kollektivutstillingar i Norge og utlandet. Han er kjøpt inn av blant andre Preus museum, Kunnskapsdepartementet, Møllersamlingen og Norsk kulturråd.

Bilde: «Et fly, Roma»

Tone S. Beckman

Slik ser jeg

Tone S. Beckman (1957) er nysgjerrig på menneske og har kvinner som hovudmotiv. Noko av drivkrafta hennar er å få kontakt og skape tillit til eit framandt menneske for å skape eit så sant portrett som mogleg. Spor etter levd liv i omgjevnadane rundt menneska har etter kvart teke meir plass i arbeida hennar.

Beckman har studert kunsthistorie, språk og økonomi. Etter å ha delteke på ein workshop med Morten Krogvold i 2008 vart fotografi ei altoppslukande interesse, som skapte ei stor forandring i livet hennar.

Beckman har delteke på fleire fellesutstillingar, og i 2018 vart ho invitert av Morten Krogvold til å stille ut på Nordic Light i Kristiansund som Director’s Choice. Utstillinga «Slik ser jeg» er ei fortsetjing og utviding av hennar arbeidsrom.

Opningstider

Café Edvard