Haustutstillingane 2021

“Når trærne blir mine”

Jeg har ruslet inn blant trær og skoger flere steder i landet vårt. Fra de tykkeste skogene på Østlandet til de ensomme vindskjeve trærne ute langs kysten på Jæren. Trær, skog, kongler, nåler. Dag og natt, sommer og vinter. Det er rolig, vindfylt, mørkt og mystisk. Det vrimler av mennesker, dyr, og figurer blant trærne. Men du må ta deg tid til å stoppe, sette deg ned og se. Bruke tid. Da kan det hende du ser like mye spennende som jeg har sett. Det er alt dette jeg lager bilder av. Jeg bruker stifter, blyant og mikser dette med gammel tjære for å fortelle hva jeg opplever blant trærne mine.

                            Ingvar Moi

Ingvar Moi er født på Jæren og har 3 års utdanning på teikneskule. Han har dei siste 37 åra budd og arbeida i Oslo og Bærum. Ingvar Moi har jobba med reklame, design, eigne bøker og kunst i alle år. Samtstundes har han skapt kunstprosjekt som har blitt både bøker og utstillinger. Dei siste åra har han brukt all si tid blant tre. Dette har resultert i mange separatutstillinger fleire stader i Norge.

 

  • Tid: 18. september-31. oktober 2021
  • Stad: Galleri Ullinsvin
  • Opningstider: Laurdagar og søndagar kl. 11-15 i utstillingsperioda 18. september-31. oktober. Ope kvar dag kl. 11-15 i veke 40 og 41 (haustferievekene). Ellers etter førehandsbestilling på tlf. 99 69 39 21 eller post@ullinsvin.no
  • Sjå eiga program for opningshelga.

“Tulipanvariasjoner”

Tore Lund-Blindheim vart interessert i fotografi i 14-års alderen. Det starta med analog fotografering, vart digital som mange andre, men sidan 2013 har han kun fotografert analogt. No jobbar han i svart/kvitt og mørkerommet. Den analoge teknikken gjev langsamare prosess med større konsentrasjon, høgare kvalitet og ein haldbarheit på fleire tusen år. Kvar print er også unik.

Hovedtema i fotograferinga til Lund-Blindheim har dei siste åra vore tulipanar. Utfordringa har vore å ikkje lage blomsterbilder, men å abstrahere slik at blomsten blir ei form. Ei form med kraft og vitalitet.

Sidan 2016 har Lund-Blindheim vore med i staben til Morten Krogvold sine workshopar, samt er dagleg leiar i FOTOetcetera AS som leverar eigedomsfoto.

 

  • Tid: 18. september-31. oktober 2021
  • Stad: Galleri Ullinsvin
  • Opningstider: Laurdagar og søndagar kl. 11-15 i utstillingsperioda frå 18. september-31. oktober. Ope kvar dag kl. 11-15 i veke 40 og 41 (haustferievekene). Ellers etter førehandsbestilling på tlf. 99 69 39 21 eller post@ullinsvin.no 
  • Sjå eiga program og opningstider for opningshelga.

Program opningshelga haustutstillingane 2021

Fredag 17.9.

Kl. 21.00  Kveldskonsert i Vågåkyrkja med Arve Tellefsen og Kåre Nordstoga.  Kr. 390,- Billettar på https://ebillett.no/90021100000000

Laurdag 18.9.

Kl. 09.30 Morgonfilm i Vågå Kulturhus. Gratis inngang.

Kl. 14.00 Opning av haustutstillinga 2021 med Ingvar Moi og Tore Lund-Blindheim, Galleri Ullinsvin.

  • Opning ved Morten Krogvold
  • Musikkinnslag ved Arve Tellefsen

Kl. 15.00  Artist talk. Morten Krogvold i samtale med Ingvar Moi og Tore Lund-Blindheim i Galleri Ullinsvin

Kl. 19.00  Festmiddag Vågå Hotell. Bestill direkte på hotellet på tlf. 612 39 550 el. post@vagahotel.no

Søndag 19.9.

Kl. 11.00  Foredrag med Ingvar Moi, Galleri Ullinsvin.

Kl. 15.00  Portfolio med Morten Krogvold, assistert av Ingvar Moi og Tore Lund-Blindheim, Galleri Ullinsvin. Deltakarar som er med på alle arrangement frå fredag til søndag vil bli prioritert.

Kl. 19.00  Edvard Munch: Konsertforedrag av Ketil Bjørnstad, Utgard Fleirbrukshus, Lom. Billett kr 350,-. Billett på: https://ebillett.no/utgardflerbrukshus/1336 

Spørsmål vedr. opningshelga? Tlf. 974 30 101 el. 982 49 007.

Åpningstider

Café Edvard

X