HamsunFantasier

I utstillinga HamsunFantasier møter vi 26 anerkjende kunstnarar, som har teke utgangspunkt i Knut Hamsun sitt fantastiske diktarunivers.

Hamsun loddar djupt og vidt i sine romanar og dikt. Det same speglar dei utvalde kunstnarane sine verk, som på ulike vis har utgangspunkt i, tangerer eller gjev assosiasjonar til Knut Hamsun si dikting.

Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur i 1920 for romanen Markens grøde og blir rekna blant det 20. århundre sine mest innflytelsesrike forfattarar.

Kunstnarane som deltek i HamsunFantasier viser stor variasjon i medium, uttrykk og formspråk. Dei har arbeida med måleri, grafikk, teikning, keramikk, glas, skulptur, tekstil og mixed media. Arbeida spenner frå lyriske naturskildringar i eit klassisk og abstrahert formspråk, til tristesse, svolt, glede, fødslar, smerte, romantikk og erotikk.

Følgjande kunstnarar inngår: Unni Askeland, Benjamin Bergman, Sverre Bjertnæs, Håkon Bleken, Marianne Bratteli, Ulla-Mari Brantenberg, Li Daiyun, Peter Esdaile, Elena Engelsen, Henning Olav Espedal, Håkon Fagerås, Yngvild Fagerheim, Harald Fenn, Anne-Karin Furunes, Wenche Gulbransen, Patrick Huse, Ellen Lenvik, Istvan Lisztes, Anne Berit Nedland, Therese Nortvedt, Kjell Erik Killi-Olsen, Sidsel Palmstrøm, Johannes Vemren Rygh, Christopher Robin Rådlund, Olav Starheim og Julia Vance.

Dette blir ei storslått salsutstilling med over 80 kunstverk. Gjennom utstillingsperioda vil det bli ulike aktivitetar knytt til utstillinga.

Kunstprosjektet HamsunFantasier er utvikla av KulturKonsept ved Kristin Jordfald.

Galleri Ullinsvin, Ullinsvin

Periode: 5. juni – 5. september 2021

Opningstid: Kvar dag kl. 10-17

Bilde: Harald Fenn, Skog.

Åpningstider

Café Edvard