Separatutstilling

Ørnulf Opdahl

Grafiske arbeid, etsinger og litografi

Omtale av kunstnaren

Når Ørnulf Opdahl maler, snur han ryggen til havet og fjellene som steiler rundt småbruket på Godøy. Han må det, skal han eviggjøre Vestlandets skiftende temperament. Han må ha synet inne i seg for å rekke det sekundlange solstreifet over fjellsida, før skodda igjen pakker den inn og bare lar en flik av toppen være synlig. Neste gang kan det være vannlinjens flo eller fjære som får låne strimen av lys.

Det er disse sekundene Ørnulf Opdahl maler. Vestlandets øyeblikk, der hvert av dem kan by et nytt vær, fra ishavståkas gispende kulde til varmende sol. Alle like forgjengelige og foranderlige

                                                           Harriet Eide, Dagbladet

    Ørnulf Opdahl

    Separatutstilling

    Ørnulf Opdahl er ansett som ein av dei fremste landskapsmålarane i Noreg, og har halde ei rekke separatutstillingar i inn- og utland. Mellom anna har han hatt utstillinger på Astrup Fearnley Museet for Samtidskunst, Henie Onstad Kunstsenter, Galleri Haaken, Kunstverket Galleri, samt på Purdy Hicks Gallery i London og ING Bearings i London University Gallery.

    I sommar kan du oppleve grafiske arbeid, etsinger og litografi av Ørnulf Opdahl i Galleri Ullinsvin. 

     

     ØRNULF OPDAHL

    Kunstnaren

    Som grafikar arbeider Ørnulf Opdahl hovedsakeleg med litografi og monotypi. Naturen er sentral i Opdahl sine verk, der han arbeider for å fange stemninga i landskapet. Motiva grenser opp til eit abstrakt formspråk, der naturelement som vær og vind blir framstilt i like stor grad som storslåtte fjell eller røft kystlandskap.

    Ørnulf Opdahl sin kunst er blitt kjøpt inn til prestisjetunge institusjonar som Nasjonalmuseet for Kunst, Riksgalleriet og Norsk Kulturråd, Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst og Nasjonalbiblioteket. I sommar kan du oppleve Ørnulf Opdahl på Galleri Ullinsvin i Vågå.

    Opningstider

    Galleri Ullinsvin sommarutstillingar 2022

    Opningstider 11. juni – 4. september:
    • 11. juni-14. august: Ope kvar dag kl 11- 17.
    • Frå 15. august-19. august: Ope kl. 11-15.
    • Frå 20. august-4. september: Ope laurdagar og søndagar kl. 11-16.
    • Veke 34 og 35: Stengt måndag-fredag.

    Ynskjer du å besøke utstillinga Galleri Ullinsvin utnaom opningstida? Ta kontakt på tlf. 948 70 689 eller [email protected]

     

    Inngang:
    Vaksne: 140,-
    Student: 100,-
    Born under 16 år: Gratis