
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea
Utstillingslokal: Fjoset, Fjostrevet og tunet på Ullinsvin
Utstillingsperiode: 21. juni – 7. september 2025
LIN 2.0
Frå frø til tråd
Utstillinga LIN vart lansert sommaren 2024, til særs begeistra attendemeldingar frå publikum og meldarar. Sommaren 2025 blir utstillinga vidareutvikla og utvida med nytt innhald og aktiviteter.
I utstillingslokala Fjoset og Fjostrevet i Ullinsvin Vågå prestegard, blir tradisjonsrik husflid og moderne kunsthandverk lyfta fram i ei inspirerande feiring av fiberplanta og tekstilet lin. Ute i tunet finn du åkerlappar med spinnelin og fargeplanter. Gjennom sommaren inviterer utstillinga LIN og til publikumsaktiviteter og foredrag, dyrking og slått, spinning og plantefarging, omvising og sofasamtale.
I vår tid er det hardføre linet i ferd med å få si renessanse – kan planta med dei blå og kvite blomene bidra i det grønt klesskiftet? Vil du vite svaret, er ein god stad å starte her i utstilling LIN. Frå frø til tråd.
Utstillarar kunsthandverk:
-
Magnus Håland Sunde
-
Camilla Kunckel
-
Linda Flø
-
Lise Skoug Obel
-
Jon Fredrik Skauge
-
Heidi Bjørnsdotter Thorvik
- Vågå Vev
- Solberg Spinderi