Home | Heim

Vakkert og brutalt. Poetisk og politisk. Personleg og allment. Prisbelønte Shwan Dler Qaradaki opnar dører til ei anna verd og nye innsikter med salsutstillinga Home | Heim. I Galleri Ullinsvin 2. april – 22. mai 2022.

Reaksjonar frå publikum

“Gripande historie formidla gjennom stor kunst”

“Flott person og tydeleg og forteljande kunst. Ei historie vi bør ta innover oss”

    “Mi sterkaste oppmoding til alle om å ta turen innom Ullinsvin og oppleve utstillinga!”

    “Qaradaki sine bilete gjer inntrykk. Han skildrar menneske, landskap og sterke augeblikk frå heimlandet. Ta turen for å sjå, det anbefalast!”

    Home | Heim

    Vårutstilling

    Gjennom teikning, film og installasjon skapar Shwan Dler Qaradaki rom for refleksjonar og innsikt i kva begrepet heim – internasjonalt home – tyder for kvar og ein av oss.
    Shwan Dler Qaradaki set gjennom sitt kunstnariske virke søkeljos på spørsmål knytt til identitet, og det å vere del av ei multikulturell verklegheit.
    I Qaradaki sine arbeid møter vi nokre av vår tid sine mest aktuelle samfunnsspørsmål, som blir skildra i eit personleg og poetisk visuelt språk samstundes som dei har ei politisk undertone. Ein undrande og reflekterande haldning kjenneteiknar alle hans prosjekt, som på ulike vis freistar å utvide forståinga av kva det vil seie å leve i vår verd i dag.

    SHWAN DLER QARADAKI

    Kunstnaren

    Shwan Dler Qaradaki er opphaveleg kurdar, og kom til Norge som politisk flyktning i 1999. Hans kunstneriske prosjekt har ofte utspring i hans personlege historie, samstundes som dei inngår i ei større verkelegheit – som i desse dagar er sterkt aktualisert i Ukraina.
    Qaradaki er Ph.D stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, og har dei siste åra hatt ei rekke separatutstillingar, mellom anna i Kunstnarforbundet, Galleri LNM og Teiknarforbundet, Festspela I Nord Norge og Oslo Museum. Kunstnaren har dei siste åra motteke ei rekkje prisar og stipend, mellom anna Oslo By kunstpris, Norsk Kulturråd sin nykommerpris og Kistefoss kunstpris (Høstutstillingsprisen).
    I utstillinga HOME | HEIM i Galleri Ullinsvin syner Shwan Dler Qaradaki både teikning, film og installasjon.

    Velkomen HEIM

    Til Galleri Ullinsvin si vårutstilling 2022

    Opningstider 2. april – 22. mai:
    • 2. april kl 13-17: Utstillingsopning med eiga program
    • 3. april kl 12-15
    • Påska: Kvar dag 9.- 13. april kl 12-15
    • 23. april kl 12-15
    • 7. mai kl 12-15
    • 14. mai kl 12-15
    • 21. mai kl 12-15

    Ynskjer du å besøke utstillinga HOME | Heim utanom Galleri Ullinsvin si opningstid? Ta kontakt på tlf. 948 70 689 eller post@ullinsvin.no

      Inngang:
      Vaksne: 100,-
      Student: 70,-
      Born under 16 år: Gratis
      X