
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea
Utstillingslokal: Fjoset, Fjostrevet og tunet på Ullinsvin
Utstillingsperiode: 24. juni – 8. september 2023
LIN. Frå frø til tråd.
Linum usitatissimum | Det aller mest nyttige linet
Carl von Linné gav kulturplanta lin sitt latinske namn
Stuttreist. Slitesterk. Staseleg. Frå dei gamle egyptiske faraoene, via kongeleg luksus og magiske ritual til levande handarbeidstradisjonar i Gudbrandsdalen: Bruken av tekstilet lin går som ei grøn renning gjennom kulturhistoria.
Utstillinga LIN vev saman dei mange trådane spunne ut av vår eldste kulturplante til ei fiberrik danningsreise gjennom sommaren 2024.
I utstillingslokala Fjoset og Fjostrevet her på Ullinsvin, blir tradisjonsrik husflid og moderne kunsthandverk lyfta fram i ei inspirerande feiring av fiberplanta og tekstilet lin. Ute i tunet finn du åkerlappar med spinnelin og fargeplanter. Gjennom sommaren inviterer utstillinga LIN og til publikumsaktiviteter og foredrag, dyrking og slått, spinning og søm, omvising og sofasamtale.
I vår tid er det hardføre linet i ferd med å få si renessanse – kan planta med dei blå og kvite blomene bidra i det grønt klesskiftet? Vil du vite svaret, er ein god stad å starte her i utstilling LIN. Frå frø til tråd.
Utstillarar:
- Sara Polmar
- Magnus Håland
- Linda Flø
- Jon Fredrik Skauge
- Anne-Beate Lid Hole
- Isabelle Hällsjö
- Sveinung Danielsen
- Camilla Aasen
- Solberg Spinderi