Kjell Erik Killi-Olsen i Ullinsvin. Foto: Tone Bakken (2023)
Kjell Erik Killi-Olsen
Salsutstilling Låven
20. juni – 6. september
Nytt for 2026 er at Kjell Erik Killi-Olsen vil vere permanent representert i Låven i Ullinsvin med skiftande salssutstillingar.
Rå og hudlaus, uredd og særeigen, er karakteristikkar som er nytta om målar, grafikar, bilethoggar og verdskunstnar Kjell Erik Killi-Olsen (født 1952). Ein av Noreg sine mest profilerte og anerkjende samtidskunstnarar – og ein av få som har oppnådd verkeleg stor internasjonal suksess. Killi-Olsen bur og arbeidar på middelaldergarden Sandbu i Vågå.
Arbeida til Killi-Olsen kombinerer det makabre med det sårbare og til tider uhyggelege, samstundes som dei har humoristiske innslag. Killi-Olsen tek tak i det å vere menneske, det å vere tilsynelatande annleis, det å føle og leve. Verka hans handlar om det medmenneskelege og skildrar Killi Olsen sitt syn på verda og menneskje.
Killi-Olsen er utdanna ved Statens Kunstakademi og ved Academia Sztuck Pieknych i Kraków, hadde eit lengre studieopphald i New York og budde ei årrekkje i Frankrike.
Killi-Olsen slo for alvor gjennom på den internasjonale kunstscena med installasjonen Salamandernatten, som var Norge sitt bidrag til Sao Paulo-biennalen i 1989. Salamandernatten består av 72 skulpturar som alle er over 3 meter høge, og inspirasjonen kom frå øydelegginga av regnskogen.
I 2017 kjøpte han ein bygard i Trondhein der «Kjøpmannsgata Ung Kunst, K-U-K blei etablert.
Killi-Olsen har gjennom ei årrekkje vore ein av Norge sine mest profilerte og anerkjende samtidskunstnarar. Han har motteke ei rekkje prisar og har jamleg utstillingar i både inn- og utland.
Lokkefugler (frå Killi-Olsen si separatutstilling i Låven i Ullinsvin, 2023). Foto: Øystein Thorvaldsen
