Opplev Ullinsvin
Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå i Nord-Gudbrandsdal, byr deg det beste frå kunst og kultur – smelta saman på ein unik historisk arena med kunstgalleri, museum, husflid- og lokalmatutsal, kafè og historisk hage. Sommaren er hovudsesongen. Ullinsvin ligg fint til på ei høgde i gåavstand frå Vågåmo sentrum med nærleik til to andre kulturhistoriske stader: Vågåkyrkja og Jutulheimen bygdamuseum.
Besøk Ullinsvin 2025
Årets sommarutstillingar blir vist frå 21. juni til 7. september. Utstillingane er ope kvar dag gjennom sesongen. I tillegg er det ulike aktivitetar og arrangement gjennom sommaren, Cafe Edvard er ope med heimelaga bakst og gode drikker og den frodige, historiske prestegardshagen er vel verdt eit besøk. Velkomen til kunst- og kulturopplevingar i Ullinsvin!