Ullinsvin gamle prestegard

Ullinsvin er ein svært gamal gard, som kan ha blitt rydda så tidleg som i eldre jarnalder (ca. 500 år f.Kr.). Forleddet Ullinsvin- er tolka som eit gudenamn, etter den norrøne guden Ullin (Ullr), også kalla ski-, jakt-, bue- og skjoldguden. Det tydar på at prestegarden var eit religiøst senter også i førkristen tid. Ullinsvin var prestebustad i fleire hundre år (Amund prest i Vågå er omtala i skinnbrev frå 1340) og fram til 1981.

Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år

Ullinsvin ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum med nærleik til to andre kulturhistoriske stader; Vågåkyrkja og Jutulheimen bygdamuseum. 

Ullinsvin består av 13 bygningar, som Vågå Historielag eig. Dei fleste er freda. Bygga er fordelt på eit inntun og eit uttun. I inntunet ligg den historiske prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage, ulike tre og buskar.

Ullinsvin byr deg i dag på det beste frå kunst og kultur, historie og samtid smelta saman på ein unik arena. Galleri Ullinsvin, som opna i 2019, inviterar kvart år til utstillingar med nokre av dei fremste kunstnarene i landet. Gudbrandsdalsmusea viser historiske utstillingar.

BYGNINGAR I ULLINSVIN

Galleriet

  • Moderne kunstgalleri med galleributikk frå 2019.

Låven 

  • Historisk tømmerlåve frå 1853 innreia som galleri.

Låvetrevet 

  • Utstillingslokal for Vågå Historielag

Stabburet

  • Historisk stabbur innreia til utstillingslokal. Truleg tidleg 1700-tals hus.

Fjoset og Fjostrevet

  • Utstillingslokal for Gudbrandsdalsmusea. Byggeår 1905.

Eldhuset

  • Bakstlokale med takke og steinomn, opprinneleg frå 1700-talet.

Forpaktarbustad

  • Nytta til Cafe Edvard. Byggeår 1927.

Hovudbygning

  • Nytta til aktivitetar og arrangement i regi av Vågå husflidslag. Frå 1713 eller før.

Studeren

  • Produktutsal for Vågå husflidslag. Truleg frå 1600-talet eller tidlegare. Eit av dei eldste husa i Vågå.

Lysthus 

  • For kaffedrikking på ein regnversdag.  Byggeår 1810.

Aurbue 

  • Utsal av lokalmat. Ukjent byggeår.

Kastbue 

  • Var brukt som lager for korn. 1700-tals hus.

Vognskjul

  • Var brukt til oppbevaring av køyrety. Frå 1790.

Utedassen

  • Bygd i sveitserstil rundt 1900.