Tone S. Beckman
Slik ser jeg
Tone S. Beckman (1957) er nysgjerrig på menneske og har kvinner som hovudmotiv. Noko av drivkrafta hennar er å få kontakt og skape tillit til eit framandt menneske for å skape eit så sant portrett som mogleg. Spor etter levd liv i omgjevnadane rundt menneska har etter kvart teke meir plass i arbeida hennar.
Beckman har studert kunsthistorie, språk og økonomi. Etter å ha delteke på ein workshop med Morten Krogvold i 2008 vart fotografi ei altoppslukande interesse, som skapte ei stor forandring i livet hennar.
Beckman har delteke på fleire fellesutstillingar, og i 2018 vart ho invitert av Morten Krogvold til å stille ut på Nordic Light i Kristiansund som Director’s Choice. Utstillinga «Slik ser jeg» er ei fortsetjing og utviding av hennar arbeidsrom.
