SPOR / TRE
Gudbrandsdalsmusea tek i 2026 eit djupdykk inn i bygningsarven i Gudbrandsdalen. Målet er å løfte medvitet om bygningsarven som ressurs og kjelde – til vidare inspirasjon. I Vågå blir utstillinga FLATRØSTA HØGREIST vist i Fjoset i Ullinsvin og utstillinga SPOR / TRE vist i næringsbygget i Kvernvegen 2, Vågå sentrum.
OPNINGSTIDER:
Utstillinga i Fjoset, Ullinsvin, er ope kvar dag kl. 11-17 fram til 16. august. Frå 17. august -6. september er utstillinga ope fredagar, laurdagar og søndagar kl. 11-16.
Utstillinga SPOR / TRE i Kvernvegen 2, er ope kvar dag kl. 11-17 fram til 23. august, samt kl. 11-17 kvar dag frå 29. august-6. september.
Inngangsbilletten i Ullinsvin inkl. også utstillinga SPOR / TRE i Kvernvegen 2.
Prosjektet blir gjennomført med økonomiske midlar frå Sparebankstiftelsen og Innlandet fylkeskommune.
Kurator for utstillinga er Kirsten Visdal.
I næringsbygget til kunstnaren Kjell Erik Killi-Olsen i Vågå sentrum viser Gudbrandsdalsmusea ei større interaktiv utstilling med ei brei og omfattande tolking av bygningskulturen. I utstillinga SPOR / TRE er det bidrag frå museets eigen samlingar, frå studentar på Hjerleid handverksskule, elevar i skogprosjektet «Lære med skogen», kunstnar Gunvor Nervold Antonsen, tømrar Kjetil Bøhmer Løkken frå Trehuseksperten, filmselskapet Bortelaget og tekstforfattar Alice Ylvheim.
Den anerkjente biletkunstnaren Line Bøhmer Løkken stiller i Fjoset i Ullinsvin ut nye foto og tolkingar av bygningskulturen i Gudbrandsdalen. Line er født og oppvakse i Vågå, og gjennom fotoa viser ho stor forståing for bygningsarven og handverket. Ho har hatt fleire utstillingar, mellom anna på Kunstnerforbundet, Galleri BO og Henie-Onstad Kunstsenter, og ho har gjeve ut fleire fotobøker med kjente titlar som Dry Eye Dripping Stone og Tigersprang og Svalehaleskjøt.
Foto: Line Bøhmer Løkken
