Alt forvandles
Orsolya Haarberg
Orsolya Haarberg (1977) er fotograf og interiørdesignar. Ho er fødd og oppvakse i Ungarn og utdanna landskapsarkitekt. I 2005 flytta ho til Norge og gjorde lidenskapen for fotografering til yrket sitt.
Orsolya har vunne ein rekkje internasjonale prisar og utmerkingar. Merittlista omfattar blant anna utstillingar internasjonalt, fem bøker på sju ulike språk og publisering av 4 fotoartiklar i National Geographic magasin globalt.
I 2020, etter 15 år på reisefot i Norden, busette Orsolya seg i Vågå og etablerte Fjellheimen Galleri. Her lagar og formidlar ho fotografi og interiørprodukt laga av unike og kortreiste råmateriale frå fjellheimen.
FJELL – et urokkelig vitne
Salsutstilliing i Galleri Ullinsvin
20. juni – 6. september 2026
Fotografen hentar motiv frå kjente og ukjente fjell i Norge som har eksistert i millionar av år, men som berørar og berikar menneske i dag. Målet er ikkje å dokumentere det openberre fjellandskapet, men å fange det skjulte i naturen og skape ei kjensle av å vere ein del av noko større. Det kan vere liner, ljos eller fargar som vekkjer nysgjerrigheit og som reindyrkas for å formidle det store i det vesle, det flyktige i det varige. Samstundes er bilda autentiske. Ingen element er fjerna eller lagt til.
Himmelkyss
