Pionérsystrene

Hommage til systrene Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen

Installasjonar: Ingunn Bakke

Måleri, fotografi og teikning: Eva Berge

Dokumentarutstilling: Unn Bostad

Botanikk: Den historiske fjellhagen i Ullinsvin – inspirert av Thekla Resvoll sin fjellhage på Dovrefjell

Svolten? På Bokhandel’n Bakeri & Mathus i sentrum av Vågå får alle gallerigjestar frå Ullinsvin 50 kroner avslag på pizzaer namngitt etter pionérsystrene Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen. 

 

Pionérsystrene

Visjonære. Vegvisarar. Vagverer.

 

For halvanna århundre sidan vart det i fjellbygda Vågå født to systre som har sett djupe spor etter seg i akademia og fjellheim, botanikk og kvinnekamp, polarhistorie og fjellmote. Denne utstillinga er via deira liv og samtid, og den rike og verdifulle arven dei etterlet seg.

Galleri Ullinsvin er stolte over å kunne lyfte fram pionérsystrene, deira livsgjerning og utfordringar her i Ullinsvin i deira heimbygd Vågå. Vi vonar utstillinga vil vere til ettertanke for innsatsen desse unge systrene gjorde på 1900-talet for å skape grunnlaget for samfunnet, vitskapen, naturvernet og likestillinga vi nyt så godt av i dag.

Kunstnarar

Ingunn Bakke

Installasjonar

Ingunn Bakke (1966) vaks opp i Heidal og er utdanna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole i Oslo. Ved sidan av sitt kunstnariske virke, har ho i 25 år vore verksmeister på fagområdet tekstil ved Kunsthøgskolen. I utstillinga Pionérsystrene har ho gått bort frå tekstil som material, og utført arbeida sine i tre og metall.

Eva Berge

Måleri, fotografi og teikning

Eva Berge (1956) er utdanna med Statens håndverks- og kunstindustri­skole og Statens kunstakademi i Oslo.

Berge har hatt både separat- og kollektivutstillingar, mellom anna i kyrkjerom rundt om i landet. Ho er innkjøpt av offentlege institusjonar og representert i private samlingar.

Berge har i hovudsak halde seg til oljemåleri på lerret. Den siste tida har ho konsentrert seg om teikning og fotografi på papir, ofte som ein blandingsteknikk. Ljoset i fargane og mørket som ei motsetning til dette er eit motiv som går att.

Unn Bostad

Dokumentarutstilling (kurator)

    Unikumet Unn Bostad er ei drivande kraft i Ullinsvin, og har mellom anna vore sentral i opparbeidinga av den historiske urtehagen – som og er inspirert av mellom anna Thekla Resvoll sin fjellhage på Dovrefjell.

    I årets dokumentarutstilling om pionérsystrene Resvoll, formidlar kurator Unn Bostad i tekst og historiske bilde korleis Thekla og Hanna Resvoll har sett varige og djupe spor etter seg; i akademia, forsking, kvinnefrigjering og naturvern – alltid med vekt på at vi som menneske ikkje må sjå på oss sjølve som erobrarar av naturen, men som takknemlege mottakarar og forvaltarar av ei umåteleg verdifull gåve.

    Systrene var begge føregangskvinner i det mannsdominerte samfunnet rundt århundreskiftet – med haldninger, verdiar, engasjement og handlekraft som båe kjønn har mykje å lære av den dag i dag.