Låven i Ullinsvin. Utstillingsperiode 20. juni – 30. august. Ope kvar dag kl 11-17. Stengt måndagar. MERK: Opningstid 18.- 30. august er kl 11-15 (stengt måndagar).

Fotografar: Orsolya Haarberg & Erlend Haarberg. www.haarbergphoto.com

Laponia – storslagen stillhet 

Mellom 2013 og 2017 var Erlend og Orsolya Haarberg over sju månader i telt i villmarka i Laponia. Prosjektet, som starta med eit oppdrag frå National Geographic i 2013,  resulterte i ei bok frå eit av Skandinavia sine villaste og minst tilgjengelege område. Lange turar i dette landskapet har prega både Erlend og Orsolya – det vart ein stad kor dei fann stillheit og indre ro i dagens travle verd. Utstillinga viser deira tolkingar av stillheita i naturen, alt frå storslåtte vyer til små, nærast usynlege detaljar.

Island – kontrastenes land

Orsolya og Erlend var til saman ti månader på Island under sitt fyrste store fellesprosjekt. Gjennom fire årstider fekk dei oppleve Island sine mange ansikt, med unikt ljos, ver, landskap og dyreliv. Noko som gjorde eit stort inntrykk var alle dei store kontrastane dei fann under opphaldet: frå glødane vulkanar til kalde isbrear, karrige høgfjellssletter til frodige blomsterenger, støyande fuglefjell til den totale stillheit, og små oaser av fargeprakt i det ellers grå landskapet. Du vil få sjå eit utval av desse bilda –  mange av dei prisbelønte – i stort format under denne utstillinga.

Åpningstider

Café Edvard

X