Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir 

Gudmundsdottir (1974) jobbar med installasjonar, måleri, teikning og foto. Ho deltok som ein av dei fyrste norske kunstnarane på Manifesta biennalen allereie i 2002, og har hatt ei lang rekkje utstillingar i inn- og utland, bl.a. Henie Onstad Kunstsenter, Astrup Fearnley Museet, Galleri Brandstrup, Living Art Museum, Reykjavik, OK Center of Contemporary Art, Linz og Sørlandets Kunstmuseum. Ho har utført ei rekkje kunst i offentleg rom-prosjekt og større oppdrag for bl.a. DnB sitt nye hovudkontor i Bjørvika og Universitetet i Stavanger.

Sidan 2010 har Gudmundsdottir vore med på etableringa av Harpefoss hotell som kunstsenter og artist-in-residency program. Ho har delteke på haustutstillinga fleire gongar, sist i 2018. Ho har også  hatt separatutstilling ved Galleri Dropsfabrikken  i Trondheim og Tegnerforbundet i Oslo. Gudmundsdottir er innkjøpt av Oslo Kunstfond, samt presentert i fleire offentlege og private samlingar. Gudmundsdottir er invitert som filmfestivalutstillar i Haugesund 2022.

Til Ullinsvin kjem Gudmundsdottir med utstillinga “Homo Gudbrandalus”, der ho tek utgangspunkt i sine 10 år som kunstnar i Gudbrandsdalen. I hovudsak er alle verk laga til denne utstillinga. Kurator er Anniken Storhaug, Galleri Dropsfabrikken.

Hvordan forstår man et sted? Med ord og formulert tanke? Ved hjelp av intuisjon og magefølelse, eller kanskje gjennom fysisk nærkontakt med naturen? Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir maler frem sin stedsopplevelse. Forholdet til landskapet uttrykkes på store lerret, der den ytre naturen blandes med en indre; tjernet er en følelse, breen et minne, dalen en sorg. Livet finner sted der undring møter gjenkjennelse, og man evner å se noe kjent og nært med nye øyne (utdrag frå kunsthistorikar Solveig Lønmo si utstillingstekst).

Utstillingsperiode: 5. juni – 5. september 

Opningstid: Kvar dag kl. 10-17

Låven, Ullinsvin

Artist talk mellom Anna Gudmundsdottir og kurator Anniken Storhaug i Ullinsvin 21. august 2021 kl. 18.00. Meir info kjem.

Portrett: Johnny Nordskog

Øvrig foto: Dan Mariner

Åpningstider

Café Edvard

X