Barnekunstutstilling

Denne våren arrangerer Ullinsvin drift (Galleri Ullinsvin), Vågå kulturskule og utvalde kunstnarar fire ulike kunstworkshops for barn og unge i hhv. glaskunst, teikning, måling i stort format, akvarell og flytande tusj. Resultata frå kunstworkshopane blir vist i felles utstilling i Galleri Ullinsvin med opning 29. april. Utstillinga står til 10. mai.

Kunstnarane som bidreg som instruktørar på dei 4 kunstworkshopane er:

  • Sigrid Blekastad (glaskunst)
  • Barbro Bekken (teikning)
  • Kjell Erik Killi-Olsen (måling i stort format)
  • Mona Eckhoff Sørum (akvarell og flytande tusj).

Workshopane er støtta frå Sparebankstiftelsen DNB si ordning “Kunst på programmet”.

Galleri Ullinsvin, 29. april – 10. mai.

Nærmare tidspunkt blir annonsert.

Åpningstider

Café Edvard

X