Aktivitetar og arrangement

Ullinsvin er ein flott stad å arrangere ulike aktivitetar og arrangement, både ute på tunet og inne i Galleri Ullinsvin. 

Konsertar i Ullinsvin sommaren 2021

I Ullinsvin er det skapa eit unikt rom for å oppleve kunst i ulike former. Konsertserien Ullinsvinkonsertane inviterer til kunstopplevingar og menneskemøte på tvert av sjanger og form.

10. juni: Hymne til kjærleiken. Med Arve Tellefsen (fiolin), Aage Kvalbein (cello), Maren Myrvold (sopran), Marita Kjetland Rabben (piano). Galleri Ullinsvin kl 18 og kl 20. Billettsal www.vaga.kommune.no, e-billett frå 26. juni kl 12.

31. juli: Meir informasjon kjem.

 

Øvrige aktivitetar sommaren 2021

Musikk i tunet: Torsdagar kl. 12.30-13.

Kulturhistorisk vandring Ullinsvin- Jutulheimen m/Gudbrandsdalsmusea. Fredagar kl. 13. Inga førehandsbestilling. Pris: 200 kr.

Husflid og handverk: Sjå og prøv ulike teknikkar med Vågå husflidslag. Sprangutstilling og sal av husflidsprodukt. Laurdagar kl. 11-17.

Den historiske prestegardshagen: Består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage, tre og buskar. Byste av Edvard Munch. Lysthus (1810). Hagen er alltid ope.

Vågåguide: Guiding Munch i Vågå, Vågåkyrkja, Ullinsvin, Vågåhistorie mm. Førehandsbestilling tlf. 99 69 39 21 el. post@ullinsvin.no

Munch-vandring på eiga hand: Følg i fotspora til Edvard Munch i Vågå og lytt til høyrespelet “Oldemors portrett” via lyddusjar. Start Lasaronstolpen i Vågå sentrum, via Ullinsvin til Jutulheimen. Gratis, alltid tilgjengeleg. www.munchvandring.no

X