Om Ullinsvin
Galleri Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, bygdeliv og høgkultur – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i både stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar.
Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå, ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum med umiddelbar nærleik til to andre kulturhistoriske sentrum, Vågåkyrkja og Jutulheimen bygdamuseum.
Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar.
Ullinsvin består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda, fordelt på eit inntun og eit uttun med den historiske prestegardshagen. Nyreiste Galleri Ullinsvin formidlar kunst, kultur og historie både frå eldre og ny tid.
I Ullinsvin kan du besøke den historiske prestegardshagen, som består av både urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år – og i dag ber kaféen på tunet sjølvsagt namnet Edvard.
I husa kring tunet på Ullinsvin er det mykje aktivitet året rundt.
Galleri Ullinsvin vart offisielt opna sommaren 2019 av Kronprinsparet. tt
Gler oss til å ta deg i mot!ings.
UTSTILLINGSLOKAL ULLINSVIN:
Galleriet
- Moderne kunstgalleri med galleributikk og sanserom for barn
Låven:
- Historisk tømmerlåve innreia som galleri
Stabburet:
- Historisk stabbur innreia til utstillingslokal
Fjoset og Fjostrevet:
- Utstillingslokal for Gudbrandsdalsmusea
Låvetrevet:
- Utstillingslokal for Vågå Historielag
Kunstgalleri | Salsutstillinger | Museum | Café Edvard | Munch i Vågå | Kurs & konsertar | Historisk urtehage
Galleri Ullinsvin – ein arena for møte mellom ny og gamal tid, påfyll for alle sansar, møteplass for store og små. Vil du vere med, så heng deg på som mottakar av nyheitsbrev!
Ullinsvin Drift AS er ansvarleg for drift av Galleri Ullinsvin og tilhøyrande aktivitetar i Ullinsvin.
Øvrige aktørar i Ullinsvin:
- Gudbrandsdalsmusea avdeling Vågå med Norddalsarkivet og Folkemusikkarkivet
- Stiftelsen Norsk Kulturarv
- Vågå husflidslag som leiger hovudbygningen til sine aktivitetar.
Vågå historielag eig bygningane i den gamle prestegarden Ullinsvin.
Opplysningsvesenets Fond eig grunnen
Satsinga i Ullinsvin er basert på Masterplan for Ullinsvin (2017). Målet er å synleggjere og vidareutvikle kunst- og kulturbygda Vågå.