Hesten møter lyset. Qatar 2013. 
FOTO: Morten Krogvold

Morten Krogvold (1950-)

Morten Krogvold er ein norsk fotograf, forfattar, foredragshaldar og programleiar busett i Oslo.

Krogvold er særleg kjend for sine svart-kvitt portrett av kjende personar frå samfunns- og kulturlivet. Dei siste åra har han arbeida med sin Requem-serie, i tillegg til å fotografere stillife og landskap.

Krogvold høyrer til ein generasjon av norske fotografar som starta karriera si i 1970-åra, svært bevisste på at det var kunst dei dreiv med og ikkje ein eller anna form for illustrasjon eller «sann» attgjeving av verkelegheita.

Sidan har han også halde seg til det analoge fotografiet der det einsame og konsentrerte arbeidet i mørkerommet har vore like viktig som det intense, men alltid like sensitive høve til motiva. Det er denne stadige pendlinga mellom ein perfeksjonert teknikk på den eine sida og ein intim nærleik til objekta sine på den andre som kjenneteiknar Krogvold sitt mangeårige virke som kunstnar.

Krogvold har hatt ei rekkje utstillingar i inn- og utland, leia TV-program og gjeve ut meir enn 20 bøker. I tillegg er Krogvold ein populær kurshaldar for både amatørar og profesjonelle fotografar. Han kom til Vågå fyrste gong i 1989, noko som vart starten på eit stort tal workshops på Vågå hotell med tusenvis av deltakarar. Krogvold er kunstnarisk leiar for fotofestivalen Nordic Light i Kristiansund.

For sin samla innsats og sitt engasjement for fotografiet vart han i 2005 heidra med dekorasjonen Ridder av 1. klasse i Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Av utstillingar kan følgjande nemnas:

  • 1988 Trianon de Bagatelle, Paris, Frankrike
  • 1995 Royal Academy of Arts, Dublin, Irland
  • 1997 Ljósmyndir. Nordens Hus, Reykjavik, Island
  • 2005 Women Care, Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden
  • 2009 Places in Rome. Palazzo Braschi, Roma, Italia
  • 2016 Nasjonalbiblioteket, Oslo
  • 2018 Vestfold Kunstmuseum Haugar, Tønsberg

Krogvold arrangerer framleis fleire workshops i året i Vågå. I 2019 er det 30 -års jubileum for Morten Krogvold i Vågå med jubileumsutstillinga Stille lys i Galleri Ullinsvin.

Kjelder: snl.no, Stille lys (2018), Morten Krogvold, Ombra Forlag og Morten Krogvold

Vågå-sommaren 1894

Edvard Munch