Øvre Sjodalsvatnet, 1908.
FOTO: Lillehammer Kunstmuseum

Kristen Holbø (1869-1953)

Kristen Holbø voks opp på Sygard Holbø i Vågå. Han var odelsgut, men ville heller bli biletkunstnar. Våren 1890 byrja han ved Bergsliens malerskole i Christiania. Her vart han kjend med den 13 år gamle Halfdan Egedius (1877-1899), som vart ein av hans næraste venar. Seinare studerte Holbø ved Den Kongelige Tegneskole og Eilif Peterssens og Harriet Backers malerskole. Hausten 1897 reiste han til Kristian Zahrtmann malerskole i København. Han hadde fleire utanlandsopphald, blant anna i Frankrike og Italia, noko som påverka kunsten hans.

Holbø sitt gjennombrot kom i 1902 med Sjodalsbiletet «Sen kveld ved Nedre Sjodalsvatnet» (1902). Frå 1907-1912 budde Holbø i Vågå. Han måla fleire portrett og interiør, bl.a. «Holbøkjøkkenet», som var utstilt på Biennalen i Venezia i 1907. Han deltok på utstillingar ulike stadar i verda.

I 1912 busette Holbø seg på Lillehammer med kona Anna og sonen Halvdan, og han vart sentral i kunstnarkretsen der. I perioda 1912-17 dekorerte han Einar Lunde si spisestove med motiv frå segn og folkeviser. Desse heng i dag i Holbø-salen i Kulturhuset Banken, Lillehammer. Kristen Holbø vende heile sitt liv attende til motiva i Vågå. I samband med utstillinga i Stockholm (1940) skreiv målaren Haalke om Holbø si tolkning av fjellet, og konkluderte med: «Han er fjeldet».

Holbø vart tildelt Statens kunstnarløn i 1946. Han er representert med flere måleri og teikningar i Nasjonalmuseet i Oslo og i Lillehammer Kunstmuseum, andre norske museum og galleri, samt i Nationalmuseum i Stockholm og i Malmö Museum.

Kjelder: Lillehammer Kunstmuseum, Anne Holbø Wendelbo og Inger Holbø

Vågå-sommaren 1894

Christine Storm Munch