Café Edvard

Café Edvard er lokalisert i den gamle forpaktarbustaden i Ullinsvin. Alt som blir servert er laga frå botn av, og vi byr på kaffe og andre gode drikkar, kaker, vaflar og gjærbakst. Vi hentar også inspirasjon til menyen vår frå Christine Storm Munch (1746-1825), oldemor til verdskunstnaren Edvard Munch, si kokebok. Christine budde og verka som prestekone i Ullinsvin.

Namnet Edvard er knytt til kunstnaren Edvard Munch, som hadde farsslekta si buande i prestegarden Ullinsvin i ei lengre periode.

Cafè Edvard er ope i samband med sommarutstillingane i Ullinsvin.

Tlf. 94 87 06 89 for bestilling/spørsmål om Café Edvard

På Cafe Edvard kan du ein nyte ein kopp kaffe, gode fruktdrikkar og fersk, heimelaga bakst anten inne i kafeen eller ute i den historiske prestegardshagen.

Her er det noko for kvar ein smak – alt laga frå botn av i Cafe Edvard.