Barn og unge i Ullinsvin

Barn og unge eit satsingsområde i Ullinsvin

Vi legg til rette for aktivitetar som forundrar, inspirerer og gjev skaparlyst og glede. Målet er ein levande og inkluderande arena, kor barn og unge kan oppleve og lære om kunst, kultur og historie, og la seg inspirere og få moglegheita til å utfalde seg kreativt.

Formidling av kunstutstillingane

I samband med utstillingane blir det laga formidlingsopplegg tilpassa barn og unge der vi presenterer kunstverka og kunstnarane, samt kombinerer med ein kreativ aktivitet som teikning. Galleri Ullinsvin skal vere eit naturleg besøksmål for skular og barnehagar i Vågå og regionen for øvrig.

Kunstworkshops

Galleri Ullinsvin, i lag med Vågå kulturskule og utvalde kunstnarar, arrangerer ulike kunstworkshops for barn og unge. Dette er mogleg takka vere støtte frå Sparebankstiftelsen DNB si ordning «Kunst på programmet».

Kreativt sanserom

I det kreative sanserommet i Galleri Ullinsvin kan barn og unge få prøve seg som kunstnarar ved å gjere sine eigne tolkningar av Edvard Munch sine kunstverk gjennom spesialtilpassa teikneprogram. Her blir VR-teknologi brukt på ein spanande og pedagogisk måte. Resultatet er nye, digitale Munch-tolkningar gjennom eit interaktivt og spanande verktøy som VR representerar.

Hovedbilete: Kunstworkshopen «Måling i stort format» i Galleri Ullinsvin med kunstnaren Kjell Erik Killi-Olsen som inspirator, mars 2021.

Bilde 2: Synnøve i aktivitet i VR-boksen.

Bilde 3: Frå workshop med tema teikning i Galleri Ullinsvin med kunstnaren Barbro Bekken som inspirator, februar 2021.

Café Edvard

Konsertar og teater